Denne bloggen oppdateres ikke lenger

Dette er en flytte- og oppussingsblogg som ble skrevet i perioden august 2010 til februar 2012. Bloggen blir ikke lenger oppdatert, men du er hjertelig velkommen til å bla i tidligere innlegg.

Oppdatering september 2013: Bloggen videreføres nå på streta.blogspot.no.

Sider

søndag 20. november 2011

Boikott


Vi hadde måla veggar og tak, og fått inn tv og stol i stova
Vi mangle berre ein einskild sak: Ein kjekk og praktisk reol i kråa
Til nips og bøker og dvd: Ein fin og kvitlakka BBB

Ei meterhøg hylle, solid og traust, med hjørneløysing - den saka var klar
Men så kom problema då eg i haust, kontakta fleire forhandlarar
Dei selde hyller, men visste ikkje korleis - "kom heller tilbake ein annan dag!" (Hallo!?)
Ikkje ein, ikkje to, men heile tre: Dei nekta å selje meg BBB!

Den tredje var nokon som selde på nettet. Han eg snakka med, var ein triveleg kar
Som lova meg han skulle ordne dette, og sende meg pakke - den saka var klar
Så gløymde han av det, og eg måtte purre, og gjenta bestillinga to gongar til
Han var nok ein kar som pla å surre, sjølv om han elles var venleg og snill

Eg er ikkje sjølv i forretningsbransjen - det er mykje eg ikkje veit så vel
Men eg trur ein gjer lurt i å nytte sjansen, når nokon vil kjøpe ein vare ein sel!
Og eg trur det er lurt, når ein får ei bestilling, å ha eit system for å skrive det ned:
Namnet på kunden, og kva ho har tinga, og kor ein skal sende ein BBB!

 Moralen er denne, at i eit prosjekt, kan ymse hindringar dukke opp
Men no har vi hylla - og det er kjekt - alt handlar om det å ikkje gje opp!

I tillegg har eg litt moro av slikt, og har laga eit underhaldande dikt

1 kommentar: